Retreat for unge vaksne; «Kom heim!»

17. - 19. november
Holmely i Nordfjord

Denne retreaten blir leia av Rune og Eva Langseth. Rune er utdanna prest, men jobbar no som familieterapeut og er forkynnar på si. Han er gift med Eva, som er dagleg leiar på Holmely.
Målgruppa for retreaten er unge vaksne, så vel ein sjølv om ein er ung nok eller gammal nok i den kategorien.
Vi har sett temaet: «Kom heim!» på denne retreaten. Vi trur Gud vår Far lengtar etter sine barn. Han lengtar etter å bruke tid med borna sine og vise sin kjærleik til oss. Vi har sjølve gått ein veg i å oppdage meir av denne kjærleiken og har funne større kvile i kvardagen, med djupare visshet om at vi er elska (og bra nok).

Nettsted: www.normisjon.no