Juleretreat med delvis taushet

21. - 26. desember
Sandom Retreatsenter

Julehøgtida betyr mykje for dei fleste av oss.
Difor vil vi seie nokre få ord om korleis vi tenkjer oss ein retreat i denne tida. Utgangspunktet er at dette er ein retreat med vanleg dagsrytme og delvis taushet.
Noko av det fantastiske med retreaten er at den gjev oss rom og tid til å la julemysteriet krype innafor huda hos oss. Meditasjonstekstane vil invitere oss djupare inn i fellesskapet med den Gud som vart menneske.
På julekvelden vil programmet avvike litt frå vanleg retreatprogram. Vi deler fellesskap rundt pynting av juletre, julesongar, høgtlesning og feiring av midnattsgudsteneste.

Nettsted: www.sandom.no